Kravet og saknet etter eit system, for å halde orden på dei ulike pennane, har vore stort.
For eit par år sidan, kom eg over eit program for arkivering og registrering av Reklamepenner. Programmet var vanskeleg å få tak i, då ein måtte vere medlem i ei foreining før ein kunne få kjøpe det.
Programmet heiter : PENNTAGON
Penntagon, er laga for å forenkle registreringa av Reklamepenn-samlinger. Der er eit riktutval av felt, hjelpedatabaser, med moglegheiter til å legge inn bilete og mykje meir. Penntagon kan eg anbefale på det varmaste, då dette er eit program som eg nytter til mi samling av reklamepenner. Programmet er veldig enkelt og greitt å bruke, fordelen er at ein har full kontroll på kvar einskilde penn også byttepenner.
Kundeservicen og supporten til programmet er unikt, dette er noko Telenor berre kan drøyme om.
Sit du på ei mengde med reklamepenner som du vil ha system i, så anbefaler eg på det varmaste å laste ned Penntagon. Sjekk linken under, det er verdt eit besøk : http://www.penntagon.no
Etter at eg hadde brukt Penntagon ei tid, kom det fram fleire behov.. Tenk å ha fått si eiga heimeside, på nettet for å kunne ” reklamere ” for sin eigen hobby…
Dette var berre noko eg har drøymt om, eg kunne ikkje lage ei slik side sjølv. Eg hadde sett fleire andre samlarar som hadde eiga side, dette var noko eg og gjerne ville ha.
Så var eg så heldig å kome i kontakt med utviklaren av Penntagon, og til mi store glede, så viste det seg at Thomas Fredriksen også er ivrig samler av reklamepenner. Du kan sjekke hans Reklamepenn-side på nett på linken under:
http://thomas.pennesamler.net
Etter det eg har forstått, så driv Thomas F. med utvikling av heimesider på internett, i tillegg til å utvikle programvare av ymse slag.
Så i skrivande stund så har eg fått mi eiga heimeside over denne herlige hobbyen…
Du er velkomen til å ta ein titt på den, og hjarteleg velkomen til å skrive gjesteboka.
Sjekk linken under :
http://www.prodirkongen.com/
Det fine med dette er at Penntagon er tett integrert i denne heimesida, etter å ha registrert nye penner i Penntagon, så er det veldig lett å overføre endringer til nettsiden. Berre eit tastetrykk, og alt går automatisk.
Utan Thomas Fredriksens ivrige innsats, og support, så hadde det vore umogeleg for meg å fått realisert draumen om eit skikkeleg system over pennesamlinga samt å ha heimeside på internett med oversikt over denne herlege hobbyen.
Ta kontakt med Thomas Fredriksen, om du og ønsker ei heimeside, for ein hobby eller liknande. Trykk på linken nedanfor:
http://www.pennesamler.net
