Fakta om Prodir penner

Prodir er eit velkjent sveitsisk varemerke.  Prodir er ein stor produsent av kvalitetspenner, og har eksistert sidan 1975. Prodir står for heile prosessen, frå råvare til design og til ferdig utvikla produkt. Eg tør påstå at alle har skrive med ein Prodir penn på eit eller anna tidspunkt.

Prodir vert eksklusivt produsert for profileringsmarkedet, og er ein svært populær pennemodell hjå samlarar over heile verda.  Det som særmerkjer ein ekte Prodir frå andre penner, er at det er trykt inn ” prodir swiss made … ” på siden av klipset på pennen, fleire og fleire pennemodeller, har byrja å bruke dette kjenneteiknet, Prodir har alltid hatt det…

Nedanfor så vil eg prøve å gje Dykk alle ei lita oversikt på kva modellar som finst av Prodir.

Modellane er : DS1 – DS1C – DS2 – DS3 – DS3C – DS3.1 – DS4 – DS5 – DS7 – DS7C – ES1 – DS6 har vorte teken ut av produksjon, men er ein verkeleg nydeleg penn.

PRODIR DS1

Prodir DS1 er ein veldig bra kulepenn, med vrimekanisme, den har ein slank kropp og ei bua kappe som bøyer seg for å danne det krumme klipset. DS1 er både moderne og levande i si elegante enkeltheit.

 

 

For spesielt interesserte så legg Prodirkongen ut ein liten video-snutt som er henta frå YouTube, for å illustrere kva det her er snakk om, samt at ein lettare kan sjå korleis pennen ser ut . God fornøyelse :

Promotional Prodir DS1 

PRODIR DS2

Dette er ein flott penn med trykk-knapp og delikat design, faktisk så er dette Prodirkongen sin favorittpenn, innan Prodir-modellane som finst. Denne pennemodellen, vert nok Prodirkongen sin første prodirpenn til eige bruk. Denne pennen er eksklusiv innan samler-miljøet.

 

 For spesielt interesserte så legg Prodirkongen ut ein liten video-snutt som er henta frå YouTube, for å illustrere kva det her er snakk om, samt at ein lettare kan sjå korleis pennen ser ut . God fornøyelse :

A Look at the Prodir DS2 Pen

 

PRODIR DS3 

Dette er ein penn som har vri-mekanisme for å få fram spissen. Denne Prodir – modellen er ein forholdsvis rimeleg penn i innkjøp. Den er særs mykje brukt til profilering her heime i Norge, samt i utlandet. Denne er veldig populær, og slitesterk penn av ypperste merke. 

 

 For spesielt interesserte så legg Prodirkongen ut ein liten video-snutt som er henta frå YouTube, for å illustrere kva det her er snakk om, samt at ein lettare kan sjå korleis pennen ser ut . God fornøyelse :

A Look at the Prodir DS3 Pen

 

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>